Om garden

Garden ligger i Iveland kommune, Aust-Agder.

Oversikt over Frøysaa

Oversiktsbilde over Frøysaa-gårdene. Der nord er med, så bildet må være tatt etter 1928.

I Iveland 1 beskriver Aslak Fjermedal gården slik:

Trygt og vent ligg Frøysaa-garden i botnen av dalen, som nettopp her vidar seg ut og er open mot sør. I midten renn åna, på sidene tøyer dei lange skogliene seg oppetter mot heiebrunnene, medan den høge og bratte Drivåsen lagar ryggstød mot nord.

Gjordet ligg på begge sider av åna. Endå det berre var eitt skyld og eitt åsete, hev det truleg alt frå 1600-tallet vore drive 2 opphyste bruk, “Der aust” og “Der vest”. Den eldste tufta “Der aust” (og kanskje på heile garden) var omtrent der skulehuset stod.

Frå 1.1. 1928 er garden delt i 3 bruk. “Der aust”, “Der vest” og “Der Nord”.

Gårdsnavnet

Skrivemåten:

  • 1591 Frøsso (Akts. til de norske støndmøters hist.)
  • 1593 Frioßaa
  • 1595,1601 Frøißaa (Lensrekneskap)
  • 1598 Frøisa (diplom på Frøysaa)
  • 1610 Frøißaa (Lensrekneskap)
  • 1661 Frøysaa (Landkomm.)
  • 1668 Frøisaae
  • 1723 Frøysaae
  • 1838 Frøysaa
  • 1889 Frøisaa (matrikkel)

Betydning: I Norske Gaardnavne seier O. Rygh: «Navnet staar vel i forbindelse med verbet frøysa, faa til at fryse». Sidan det i dette høve gjeld ein gamal stor gard med fleire gravhaugar, kan ein ikkje sjå bort ifrå at det her kunne vore ein heilagdom for guden Frøy, og som då låg til grunn for gardnamnet.

Alder: garden må vere frå folkevandringstida, dersom han ikkje er endå eldre.