Tellef Torjesen Frøysaa

Han var lærer, spelemann og felemaker. I 1900 bodde de på Torp skole i Borge kommune (Østfold). I 1910 bodde de Industrigata 1 på Gjøvik.

Torleiv Frøysaa (1867 – 1949) var felemakar og spelemann frå Hornnes i Aust-Agder. Han var av gamal spelemannsætt og både faren, bestefaren og fleire av brørne hans var spelemenn, med røter frå Frøysaa i Iveland. Som ung lærde han både Frøysaa-spel og spel frå Frøyrak, særleg av Pål O. Frøyrak. Han tok utdanning som lærar og busette seg på Gjøvik der han budde storparten av livet. Han spela orgel nokre år, men sidan var det interessa for felespel og felebygging som dominerte. Han reiste rundt om i landet og lærde spel av mange kjende spelemenn, som Wilhelm Sorteberg, Gunnulf Borgen, Torkjell Haugerud, Arne Bjørndal, Haldor Meland, Sjur Helgeland, Truls Ørpen og andre. Han deltok på kappleikar og gorde det godt. omkring 1900 fekk han interesse for felebygging. Etter å ha dreve litt for seg sjølv, var han ei tid hjå Kleven i Oslo og ei tid hjå Gunnar Røstad som han rekna for viktigaste læremeisteren sin. Han bygde om og reparerte ein god del fiolinar, men av nybygging vart det berre hardingfeler. Han har truleg bygd ein del over 100 til saman, mange av dei med svært høg kvalitet. Frøysaa slutta som lærar i 1927 og flytta attende til Hornnes der han omkom i ein brann 82 år gamal. Dei fleste av desse opplysningane er henta frå boka om Gunnar Røstad som Kjell Chr. Midtgaard ga ut i 1997.
Kilde: http://www.folkedans.com/folkemusikk/folkemusikk_felemakarar.htm

Forfedre

telleftorjesenfroysaa

Tellef Torjesen Frøysaa

Annegunnarsdtrodderstøl

Anne Gunnarsdtr Odderstøl